Er vi klare for storskala karbonfangst?
Karbonfangst og -lagring (CCS) er meint å levere store utsleppskutt i Noreg dei neste 5–10 åra. Men har vi prosjekta og politikken som trengst for å få det til?

Om arrangementet
Velkomen til frukostmøte i regi av Norsk klimastiftelse og Høgskulen på Vestlandet, der vi ser på status og vegen vidare for CCS i Noreg.
Vi tar pulsen på den europeiske CCS-marknaden, før vi spør korleis forskarane vurderer framtida for CCS: Kva forventar dei av teknologiutvikling, kostnadsreduksjonar og nye bruksområde?
Enova kjem for å fortelje korleis dei vurderer marknaden for CCS i Noreg, korleis den nye støtteordninga skal innrettast, og når vi kan vente den første utlysingsrunden. Deretter blir vi betre kjende med eit av prosjekta som har kome lengst: CCS-prosjektet ved forbrenningsanlegget til BIR i Bergen.
Til slutt møter vi politikarane: Har vi politikken som trengst for å få CCS ut i stor skala?
Det er gratis å delta, men deltaking krev påmelding.
Velkomen!