Sokkeldirektoratet har fjerna «Paris-stempel»

Sokkeldirektoratet har trekt påstanden om at framtidig norsk olje- og gassproduksjon vil vere i tråd med Parisavtalen, etter kritikk frå Norsk klimastiftelse.

Oljefeltet Grane i Nordsjøen. Foto: Øyvind Knoph Askeland / Offshore Norge. CC BY-SA 2.0

Publisert:

Annakvart år gir Sokkeldirektoratet ut ein rapport over ressursane på norsk sokkel. I ressursrapporten frå 2024 samanlikna Sokkeldirektoratet tre produksjonsscenario (moglegheitsbilete) – Høg, Basis og Låg – og konkluderte at alle tre var i tråd med Parisavtalen. I rapporten står det:

«Reduksjon i produksjonen på norsk sokkel i de tre mulighetsbildene er innenfor intervallet for det globale fallet i olje- og gassproduksjon som FNs klimapanel og IEA har anslått at er i tråd med en vellykket oppfølging av Parisavtalen.»

På oppdrag frå Norsk klimastiftelse undersøkte seniorforskarane Ida Sognnæs og Glen Peters frå CICERO Senter for klimaforsking Sokkeldirektoratets påstand. I rapporten konkluderte dei med at sjølv om ein kan finne ei viss støtte til at det lågaste moglegheitsbiletet kan vere i tråd med Parisavtalen, vil dei to andre mest sannsynleg ikkje vere det.

Dette fekk Klimastiftelsen til å sende eit brev til Sokkeldirektoratet 9. april 2026. Stiftelsen viste til Sognnæs og Peters sine vurderingar og anmoda direktoratet om å unngå påstanden om at all framtidig norsk olje- og gassutvinning vil vere i tråd med Parisavtalen.

Dette har direktoratet no teke omsyn til.

I den siste Ressursrapporten, som vart publisert 20. august 2026, er «Paris-stempelet» frå 2024 borte. Sokkeldirektoratet har ikkje offentleg grunngjeve kvifor formuleringa er endra, men den nye rapporten kjem altså etter at direktoratet fekk konkret dokumentasjon frå Klimastiftelsen på at påstanden ikkje heldt fagleg mål.

– Det er positivt at Sokkeldirektoratet no fjernar feilinformasjonen dei kom med i 2024. Men i staden for å seie noko presist om kva klimamåla faktisk betyr for norsk petroleumspolitikk, vel direktoratet å ikkje diskutere klima i det heile. Det er ikkje godt nok frå eit statleg direktorat som har stor innverknad på politikkutforminga i Noreg, seier dagleg leiar i Norsk klimastiftelse, Lars-Henrik Paarup Michelsen.